Vellykket loppemarked 24 - 26.04.2009!

{besps}loppemarked2009{/besps}

Årets store kraftinnsats er over. Marienlyst skole har i helga vore prega av uvanleg stor aktivitet. Det ga stor og god uttelling. Vi greidde det igjen. Eit strålande resultat. Og det var strålande i dobbelforstand.

Gjennomført med stor innsats frå korpsets «pårørande» og ein del av korpsmedlemmene tok også eit tak. Vergudane sto på vår side, særleg lørdagen. Vi hadde eit jamnt og fint tilsig av publikum. Handelen gjekk bra trass i finanskrisa. Vi greidde å få inn 213 000 kr.Det er mindre enn i fjor, men det er svært bra no til dags. Vi hadde beinhard konkurranse med 40 andre loppemarkeder i Oslo og Akershus denne helga, og Majorstuen/ Bogstadveien hadde sitt årlege marked. Men vi greidde oss altså godt.

Bokavdelinga hadde størst omsetning i å,r mot møblar i fjor. Det fine veret gjorde at vi kunne ha større uteaktivitet enn vanleg. Kundane sto i kø då vi opna og dei fleste var blide og fornøgde etter å ha handla seg ferdig.

På grunn av byggearbeidet hadde vi mindre og dårlegare plass enn vi brukar å ha, men den stygge skoleplassen egna seg likevel godt for sal av sportsutstyr og møblar.

Takk til Loppekomiteen og alle involverte - dette kan vi leve lenge på.


Copyright © 2018 Marienlyst skoles musikkorps | Webredaktør: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den. | Design og programmering: Ørnulf Bratlie